Klasse bilde

Klasse bilde

Saturday, February 24, 2007

Dag 2 på gatebarnsentret

Uten køyseng og klamme myggnettingar fekk vi ein godsnattesøvn. Stod opp friske og opplagde til ein ny dag i Zimpeto. Frukost med gutta var vår første post på programmet, gutta der i mot hadde vore oppe sidan klokka 05.00 for å utføre dagens gjeremål. Medan vi kom traskande inn til frukost litt hulter i bulter kom gutta inn på ein lang rekke. Dei har meget god disiplin, alltid gjestane først. Frukost var ikkje heilt det vi er vande til, eit loffbrød og ein kopp varm te med melk i. Etter måltidet var Møre-elevane og Moss på plass i sin buss og gutta på plass i sin buss. Neste post var stranda. Pål (ansatt på institusjonen) viste veg til stranda som låg ca 30 min vekke. Vi køyrte til stranda litt utanfor allfarveg slik vi skulle få sjå litt meir av Maputo. Stranda var folksom, flott og langgrunn. Vatnet var herlig varmt og supert til å leike med viltre gutta i. Medan nokon sleika sol og andre bada fant nokon det kjekt å leite etter skjell og vandre langs vannkanten. Nokon sendte lange blikk til dei muskuløse sjokolademennene som gjekk og viste seg fram. Timane på stranda gjekk fort så lunsjtida til gutta byrja å nærme seg. Vel tilbake fekk vi også lunsj i lag med gutta. Gode manera fekk dei igjen vise fram når alle gjestane fekk først mat på tallerken. Ein haug med ris og ein suppeblanding av store bitar av kjøt og poteter var lunsjen. Etter lunsj var programmet for dagen ferdig og tida kunne vi disponere til det vi sjølv ville. Nokon fant fram boka, andre la seg i sola igjen og andre ville vere meir aktive og leikte med gutta.

Skrevet av Malene & Monica B.

No comments: